Garry Tallent | |||
Tallent i 2012 på New Orleans Jazz & Heritage Festival | |||
Fødd | 27. oktober 1949 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Detroit i Michigan | ||
Alias | (The) Tennessee Terror[1] | ||
Opphav | New Jersey i USA | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | bassgitar, tuba, vokal | ||
Tilknytte artistar | Bruce Springsteen E Street Band Southside Johnny | ||
Verka som | bassist, musikkprodusent |
Garry Wayne Tallent (fødd 27. oktober 1949), stundom skrive Garry W. Tallent, er ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent, mest kjend som bassist og opphavleg medlem i E Street Band, bandet til Bruce Springsteen sidan 1972. Fram til 2013, er Tallent det einaste originale medlemmet i E Street Band, om ein ikkje tel med Springsteen sjølv. Tallent vart innlemma som medlem av E Street Band i Rock and Roll Hall of Fame.
Tallent voks opp i Neptune City kring Jersey shore, og byrja først å spele tuba før han gjekk over til bass.[2] Tallent gjekk på Neptune High School, i lag med det framtidige bandmedlemmet Vini Lopez.[3]
Han var inspirert av James Jamerson, Donald «Duck» Dunn og Paul McCartney. Han byrja å spele med Springsteen i 1971 i to tidlegare band og var så originalt medlem i The E Street Band, som oppstod i 1972.[4] Både visuelt og musikalt har han halde seg i bakgrunnen, sjølv om bassen hans speler ei viktig rolle i musikken til Springsteen. Den mest kjende bassparten hans kan vere i songen «Fire» og siste verset på «Incident on 57th Street».
I tillegg til Springsteen, har Tallent òg spelt med ei rekkje andre artistar. I 1987 produserte Tallent songen «Crying, Waiting, Hoping» for Marshall Crenshaw på filmusikkalbumet til La Bamba. I 1990-åra, då E Street Band var inaktive, flytta Tallent til Nashville. Her opna han platestudioet MoonDog og var med å starte opp D'Ville Record Group. Tallent har produsert artistar som Jim Lauderdale, Kevin Gordon og Steve Forbert.[5]